segunda-feira, 1 de outubro de 2007

Um post em nynorsk

Hoje entreguei (mandei por email) a minha redação em nynorsk para a professora. Como o tema da redação era uma descrição do que eu fiz em uma semana, o que nada mais é do que um blog, vou postar aqui o texto. Acho interessante para quem não sabe como é o idioma norueguês:

Ei uke i Raquels liv

 

Søndag, 23.09

 

       Eg sov lengje. Til frokost åt vi vafler laga av mannen min. Vi hadde lyst til å sjå på ein film. Vi valde ”Kjærlighetens kjøtere”. Filmen handlar om tre menn som lever heilt isolert i Lofoten. Dei er jegere og fangar dyr for å selge pels. Etter kvart begynner dei å ha konflikter, og det blir vanskeleg å leva saman. Eg syntes at filmen var interessant, men noko trist. Resten av dagen satt vi heime og slappa av.

 

Måndag, 24.09

 

       Tidleg om morgonen drog Morten og eg saman på jobb. Eg vaskar på HitraTorget på Fillan kver dag frå klokka halv åtte til klokka halv ti. Etter jobb kom eg heim med buss. Eg ordna nokon gjeremål heime, laga middag og drog på skule. På skulen lærde eg meir om nynorsk.

 

Tirsdag, 25.09

 

       Eg vaska på Torget og på eit kontor i tillegg. Deretter tok eg bussen til Sandstad og båten til Brekstad. Der hadde eg fire køyretimar. Eg øvde mykje, men læreren sa at eg treng fleire timar før eg tar prøven. Eg måtte vente på båten, så sat eg på biblioteket frå klokka fjorten til klokka fem. Der jobba eg med artikkelen for skulen. Klokka halv seks tok eg båten attende til Sandstad. Eg sat saman med ei dame fra Litauen og vi snakka. Morten henta meg på kaia. Vi åt sodd til middag og såg på fjernsyn.

 

Onsdag, 26.09

 

       Eg var på jobb til klokka halv ti. Eg drog ikkje heim etter jobb. Eg var på postkontoret på Frøya og henta eit brev frå Brasil. Brevet innehald øversettingane av vitnemåla frå skule i Brasil. Deretter sat eg på biblioteket og jobba noko med artikkelskrivinga. Då eg var på biblioteket, traff eg ein fotballspiller frå Brasil som bur på Frøya. Vi prata ein del, men eg kunne ikkje bli der lengje. Eg måtte dra til kommunehuset for å ta rett kopi av dokumenta eg hadde fått i brevet. Også på kommunehuset var eg på norskkurs frå klokka halv tre til klokka fem. Morten venta på meg og vi køyrde heim. Vi åt middag, eg skreiv artikkelen ferdig og vi drog og trena.

 

Torsdag, 27.09

 

       Eg var på jobb og tok bussen heim klokka ti. Det var mykje å gjere heime. Eg drog til skulen klokka fem. Vi hadde norsk, men ikkje samfunnslære, fordi læreren kom ikkje.

 

Fredag, 28.09

 

       Etter jobben på torget var eg på vask på Skårøya på Kvenvær saman med sjefen min. Været var nydeleg. Klokka tre var eg heime. Etter at vi åt middag begynte mannen min å pusse golvet i soverommet. Då han var ferdig vaska vi golvet saman for å få bort støvet.

 

Laurdag, 29.09

 

       Vi sto opp tidleg og drog til Hitra for å vaske på torget. Morten hjalp meg, så vi var snart ferdig. Derfra køyrde vi til Trondheim. Morten hadde time hos optikker. Vi besøkte også svigerfar og svigermor og åt middag saman. Vi køyrde tilbake til Frøya og kom heim klokka ti.

 

Søndag, 30.09

 

       Morten måtte sette opp stige til taket for feieren. Eg gjorde noko husarbeid og vaska opp i annan etasje. Morten pusset golvet i soverommet vårt ein gong til. Det var mykje å vaske, og mykje støv. Eg skreiv nynorskoppgåva mi, såg på fjernsyn og la meg tidleg.

 

Måndag, 01.10

 

       Morten og eg køyrde saman til Hitra klokka halv sju. Eg vaska på torget. Det tok lang tid, fordi det er alltid mykje å gjere på mandager. Eg tok bussen til Sistranda og gjekk heim. Etter at eg kom heim skreiv eg nynorskoppgåva ferdig.

Um comentário: